lørdag 28. mars 2015

Vindaugene er komne...

...og det er fargen me er mest spent på. Her kan de sjå korleis det malte panelet ser ut samanlikna med vindaugene. Det er riktignok ulikt underlag og difor oppleves det forskjellig. Men fargen ser då lik ut, eller?

Den er heldigvis ikkje "skrikande" og rar (for den som måtte frykte det:).




Vindaugene er altså oransje på enkelte felt og mørke grå på andre. Innvendig er dei kvite.

Tilfeldigvis seiest det at oransje er årets farge, så me er altså veldig inn i tiden :)



onsdag 25. mars 2015

Men sterk oransje er ikkje lett...

...for som vanleg forbrukar, på byggevaren, ville ikkje fargen la seg blande og selgjast!!!! Ups??!!



Verken Jotun eller Beckers...??

Eg får vite at fargen ikkje er egna til eksteriør bruk, fordi den kjem til å falme fort, type innan eit år. Men, men, men...? Dette forstod eg ikkje, for vindaugene var jo i produksjon, MED denne fargen!!! 

Er gjer følgjande: 
- tek kontakt med vindusprodusenten og får vite at dei har ingen reservasjoner på fargen og kan skaffe maling frå samme produsent som dei brukar, Teknos. Desse leverer til industri, men me får kjøpe lell. Takk!
- me dreg til ein fabrikk på Hamar, som leverer Teknosprodukt, men får beskjed om at "vi ser dere igjen om to år, fordi denne kommer til å falme fort". IGJEN, denne beskjeden?? Kven er det som ikkje har sjekka at denne fargen er vanskeleg å bruke utandørs??! Dette kan eg ikkje setje i gang å male, kan eg vel? For opp i stige om to år og male på nytt, det skal vere unødvendig!
- eg søkjer råd hjå arkitekten vår Jenny, streken arkitekt.
- eg ringer deretter til NCS colour-system og får vite at "farger er komplisert, spesielt om man skal matche farge på to ulike produkter, jeg er glad jeg ikke er i dine sko". Kremt... Takk for den... 
- eg snakkar med Jotun pigmentavdeling, som gir meg koden på ein farge dei kan levere, som ligg nesten opp mot den som er på vindaugene. Men eg vil jo helst ha samme farge i GOD kvalitet!!
- til slutt ringer eg Teknos sin produktsjef Roald Viken, som "ikke kan forstå hva de på Hamar mente. Denne fargen (som me har kjøpt og som står klar til bruk) er av typen akryl og den garanterer jeg for at skal holde i mer enn to år om den er påført på riktig måte. Jeg skal personlig ta ansvar om to år, dersom den falmer"

End of story, det var den garantien eg trengte for å faktisk setje i gang og male kledning i denne fargen! Eg slapp heldigvis å leite etter andre alternativ. Puh... 

Farger altså, ikkje lett! 

NCS S2570-Y70R


Det vart ikkje plater frå cembrit, i fibersement. Man skal inngå nokre kompromiss, slikt blir det også spanande valg og resultat ut av.

I dette tilfellet bestod kompromisset av at underteikna kasta seg begeistra på fargevalet oransje. I cembrit type Metro (som var forslaget frå vår arkitekt) var einaste fargen i oransje mogeleg å få i NCS S2570-Y70R "copenhagen", som på prøysenhuset (teikna av Snøhetta). Men underteikna sin betre halvdel fann ikkje desse platene så overveldande pene, og ville heller gå for malt panel rundt vindu. 

Inspirert av eit hus me køyrde forbi i Oslo vart han overbevist om dette.



Eg har ikkje noko imot det, dette er veldig pent! Så me går for panel, liggjande, på dei partia rundt vindu med oransje farge, som allereie er i produksjon! Topp! Resultatet vårt vil ikkje sjå så reint og "ordentleg" ut som huset ovanfor her, men i nærleiken utttykksmessig (kanskje?).


tirsdag 17. mars 2015

Kledning på veggen...

...i ulike bredde og det blir sååå fint tykkjer me!!


Og i ettermiddagslys: 



Det vart "galvaniserte" vannbord og takrenner. 




Og med vindu: 




fredag 13. mars 2015

Kledningen er her, i ulik breidde...

...heilt etter planen. I dag har me sett på korleis me matematisk OG estetisk skal plassere dei tre ulike borda ved sidan av kvarandre. Det skal ikkje sjå rotete ut, ikkje for systematisk, men me må passe på at me har nok av alle tre typane rundt heile huset.

Fargen, den er me fornøgd med!!! Møre royal grå 











onsdag 11. mars 2015

Familieselfie i u-etg

Ein sein søndag kveld køyrer me innom huset og der er det brått kome betong på gulvet med varmekablar under og vegger i u-etg! Moro å vandre rundt og sjå korleis det framstår. Og den einaste overraskelsen er at boden virkar større enn tenkt, det er jo positivt :)






søndag 8. mars 2015

Kjøkken, neste prosjekt på lista.


Me har tidlig i prosjektet hatt mange rundar med kjøkkenkatalogar og forestillingar om korleis kjøkkenet skal vere. Men så skjer det noko med bildet ein har etterkvart som huset for øvrig veks fram. Type vegger, gulv, og ikkje minst er pris med på å påverke valget ein tek til slutt. To be continued...

Draumen er retrokjøkken og Trond Morten fann dette lekre her frå Kvänum (men det er langt utanfor vår prisklasse. Ikkje skal me ha overskap heller, så det "ække så nøye med det"). Pene farger då:



Tidlig var JKE favoritt, med sin front RIVA (gjerne i trefarge):

Men me er også glad i frontar med trefarge mellom skuffene (JKE):

I helga var me i Oslo og stakk ein tur innom KVIK. Eit dansk, rimeleg og pent merke. Det er fronten i fargen mocca som er favoritten (nest nederst, nr to frå venstre, grå'ish farge). Den kan passe til det meste og vil ikkje kræsje med gulv og finérvegg. Den står også godt til gummigulv (som er på lista over "final choice we have to do, soon" (kvifor skriv eg engelsk eigentleg)). 


HTH, ligg i Lillehammerbyen, enkelt å planleggje og stikke innom så ofte me vil. Men har dei pene kjøkken? Skal me dømme etter humøret til Leander, blir det ikkje HTH:


Så har ein jo alltids IKEA. Me kan velge blant masse fargar og enkle pene frontar. Det er eit godt alternativ. Eg er i alle fall svak for fargar, om eg tør:

HTH har fargesterke frontar også:
Og til slutt, dei me faktisk har fått pris av allereie og som snekkarane vore kjøper hjå, Sigdal. Me har ikkje fått heilt rockefot på dei endå, men denne nye her virkar pen. Og dei kjem i så veldig mange fargar, det er positivt. "Line inframe" heiter denne, som betyr at skuffene er innramma (og ikkje ligg utanpå som på moderne kjøkken): 


Kanskje i denne fargen:


Eller denne: 



Denne heiter fas, med avrunda kantar:





Fasadeplater i fibersement, men kva farge?

Arkitekt Jenny foreslo tidlig at me kunne ha ein sterk farge rundt enkelte av vindauga og vinduslistene, og det kunne til og med vere i eit anna materiale enn tre. Oransje vart lagt inn på skissene som forslag og det har fått stått urørt til no. 

Fargereferansen i våre hovud, har vore den nyansen av oransje som er på skissene, men med fibersementplater fra cembrit må me velge frå deira kart. Førstevalget vart  "samme farge som på prøysenhuset på Ringsaker" Men er det riktig farge mon tru?


Etter å ha fått tilsendt fargeprøver på dei me likar best, står me til slutt igjen med 
Cembrit type METRO farge Amsterdam eller farge Copenhagen. Den første går mot gult og den andre mot raudt. Kvifor er det ingen midt i mellom (som på skissene)?

Skisser:

For å gjere ei litt lang historie kort, og med tidspress (sjølvpålagt skal seiast) frå vindusleverandøren, som er i gang med produksjon og skal sprøyte på riktig farge, endar me opp med den same fargen som på prøysenhuset. Det er ikkje Trond Morten sitt førstevalg 😳 Men dersom denne fargen framstår oransje og ikkje raud, vil den ligne mest på den opprinnelege ideen. Gult er kult, men det er ikkje gult me skulle ha. Så slik blir det. Det får briste eller bære! Mariann trur det blir spenstig og flott!

Eit godt råd: bestill fargeprøver i god tid slik at du får vurdere på bra grunnlag og ikkje under press. 

Prøysenhuset: 

Det er oransje dette, er det ikkje? JA, det er det! 

Kvalifisert synsing og innspel:
Trond Morten, som ikkje fekk førstevalget sitt...

Klara, som var den som fekk meg til å bestille fargeprøven Copenhagen frå cembrit, (som var referansen i utgangspunktet).

Arkitekt Jenny på Streken AS. som heile tiden har hatt fargen på prøysenhuset som referanse. Her også hennar jobb-nabo Charlotte Grønvold (grafisk designer), som svingar innom med tips i det vanskelege fargevalet.