søndag 8. mars 2015

Fasadeplater i fibersement, men kva farge?

Arkitekt Jenny foreslo tidlig at me kunne ha ein sterk farge rundt enkelte av vindauga og vinduslistene, og det kunne til og med vere i eit anna materiale enn tre. Oransje vart lagt inn på skissene som forslag og det har fått stått urørt til no. 

Fargereferansen i våre hovud, har vore den nyansen av oransje som er på skissene, men med fibersementplater fra cembrit må me velge frå deira kart. Førstevalget vart  "samme farge som på prøysenhuset på Ringsaker" Men er det riktig farge mon tru?


Etter å ha fått tilsendt fargeprøver på dei me likar best, står me til slutt igjen med 
Cembrit type METRO farge Amsterdam eller farge Copenhagen. Den første går mot gult og den andre mot raudt. Kvifor er det ingen midt i mellom (som på skissene)?

Skisser:

For å gjere ei litt lang historie kort, og med tidspress (sjølvpålagt skal seiast) frå vindusleverandøren, som er i gang med produksjon og skal sprøyte på riktig farge, endar me opp med den same fargen som på prøysenhuset. Det er ikkje Trond Morten sitt førstevalg 😳 Men dersom denne fargen framstår oransje og ikkje raud, vil den ligne mest på den opprinnelege ideen. Gult er kult, men det er ikkje gult me skulle ha. Så slik blir det. Det får briste eller bære! Mariann trur det blir spenstig og flott!

Eit godt råd: bestill fargeprøver i god tid slik at du får vurdere på bra grunnlag og ikkje under press. 

Prøysenhuset: 

Det er oransje dette, er det ikkje? JA, det er det! 

Kvalifisert synsing og innspel:
Trond Morten, som ikkje fekk førstevalget sitt...

Klara, som var den som fekk meg til å bestille fargeprøven Copenhagen frå cembrit, (som var referansen i utgangspunktet).

Arkitekt Jenny på Streken AS. som heile tiden har hatt fargen på prøysenhuset som referanse. Her også hennar jobb-nabo Charlotte Grønvold (grafisk designer), som svingar innom med tips i det vanskelege fargevalet.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar