Draumen er retrokjøkken og Trond Morten fann dette lekre her frå Kvänum (men det er langt utanfor vår prisklasse. Ikkje skal me ha overskap heller, så det "ække så nøye med det"). Pene farger då:
Tidlig var JKE favoritt, med sin front RIVA (gjerne i trefarge):
Men me er også glad i frontar med trefarge mellom skuffene (JKE):
I helga var me i Oslo og stakk ein tur innom KVIK. Eit dansk, rimeleg og pent merke. Det er fronten i fargen mocca som er favoritten (nest nederst, nr to frå venstre, grå'ish farge). Den kan passe til det meste og vil ikkje kræsje med gulv og finérvegg. Den står også godt til gummigulv (som er på lista over "final choice we have to do, soon" (kvifor skriv eg engelsk eigentleg)).
HTH, ligg i Lillehammerbyen, enkelt å planleggje og stikke innom så ofte me vil. Men har dei pene kjøkken? Skal me dømme etter humøret til Leander, blir det ikkje HTH:
Så har ein jo alltids IKEA. Me kan velge blant masse fargar og enkle pene frontar. Det er eit godt alternativ. Eg er i alle fall svak for fargar, om eg tør:
HTH har fargesterke frontar også:
Og til slutt, dei me faktisk har fått pris av allereie og som snekkarane vore kjøper hjå, Sigdal. Me har ikkje fått heilt rockefot på dei endå, men denne nye her virkar pen. Og dei kjem i så veldig mange fargar, det er positivt. "Line inframe" heiter denne, som betyr at skuffene er innramma (og ikkje ligg utanpå som på moderne kjøkken):
Denne heiter fas, med avrunda kantar:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar