onsdag 25. mars 2015

Men sterk oransje er ikkje lett...

...for som vanleg forbrukar, på byggevaren, ville ikkje fargen la seg blande og selgjast!!!! Ups??!!



Verken Jotun eller Beckers...??

Eg får vite at fargen ikkje er egna til eksteriør bruk, fordi den kjem til å falme fort, type innan eit år. Men, men, men...? Dette forstod eg ikkje, for vindaugene var jo i produksjon, MED denne fargen!!! 

Er gjer følgjande: 
- tek kontakt med vindusprodusenten og får vite at dei har ingen reservasjoner på fargen og kan skaffe maling frå samme produsent som dei brukar, Teknos. Desse leverer til industri, men me får kjøpe lell. Takk!
- me dreg til ein fabrikk på Hamar, som leverer Teknosprodukt, men får beskjed om at "vi ser dere igjen om to år, fordi denne kommer til å falme fort". IGJEN, denne beskjeden?? Kven er det som ikkje har sjekka at denne fargen er vanskeleg å bruke utandørs??! Dette kan eg ikkje setje i gang å male, kan eg vel? For opp i stige om to år og male på nytt, det skal vere unødvendig!
- eg søkjer råd hjå arkitekten vår Jenny, streken arkitekt.
- eg ringer deretter til NCS colour-system og får vite at "farger er komplisert, spesielt om man skal matche farge på to ulike produkter, jeg er glad jeg ikke er i dine sko". Kremt... Takk for den... 
- eg snakkar med Jotun pigmentavdeling, som gir meg koden på ein farge dei kan levere, som ligg nesten opp mot den som er på vindaugene. Men eg vil jo helst ha samme farge i GOD kvalitet!!
- til slutt ringer eg Teknos sin produktsjef Roald Viken, som "ikke kan forstå hva de på Hamar mente. Denne fargen (som me har kjøpt og som står klar til bruk) er av typen akryl og den garanterer jeg for at skal holde i mer enn to år om den er påført på riktig måte. Jeg skal personlig ta ansvar om to år, dersom den falmer"

End of story, det var den garantien eg trengte for å faktisk setje i gang og male kledning i denne fargen! Eg slapp heldigvis å leite etter andre alternativ. Puh... 

Farger altså, ikkje lett! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar