mandag 7. desember 2015

Litt julepynt da ma...

...so han sa...!! 

Stolt no, for eg kan også lage ting altså, hehe...! 







Platting både her og der

Vips, ja faktisk vart det nesten så, at plattingar kom på plass! Grunnarbeid gjort av HM-bygg og finishen av mannen sjølv. Då kan me gå inn hoveddøra utan å snuble og starte bruken av plattingen i sør, den med den fine utsikten 😃






Sag har me lånt av Mr.Johansen, eller kongen om du vil. Takk for det :)



torsdag 19. november 2015

Vinteren er her

Og her kjem nokre bilder frå utsida på veg heim frå skulen ein dag i november. Det skulle gå litt tid sidan sist, men kort oppsummert kan me sei at hausten tok oss fullstendig. 
 


Underteikna har fått innvilga heimekontor ein halv dag i veka, og denne veka såg det slik ut frå arbeidsplassen :) 




Litt arbeid som gjenstår før me kan bruke plattingen utanfor kjøkkendøra... Den jobben skal me gjere sjølv, så det blir spanande å sjå når me kjem i mål med det.

søndag 27. september 2015

Kvardagskarusellen

Vel i hus, med pappøskjer og stæsj, gjekk piffen litt ut. Eller rettare sagt, kvardagen kom.  Den har jo fullt opp allereie, utan haugevis med pappøskjer, krokoppheng, hylleskruing, sortering, lage-system og finne fram. I kvardagen skal me komme oss ut, i ein fei, med dei riktige klærne på og med alt som står på vekplanen at me skal ha i sekken, skal vere I SEKKEN! Me skal hugse på å melde frå til skulen i tilfelle "gå-sjølv heim" eller bli med den heim og me skal gjere lekser og engasjere oss i våre eigne og andre sine barn og familier og jobb... Me må vere like flinke i jobben og herrejesusogfader så fort det går... Me heng oss på kvardagskarusellen og let hus vere hus ei stund...puh :). 

På veg til første dag på SFO. Anna i første klasse og Leander i tredje. Kort veg til skulen:)


Solsikkene som Anna fekk med seg heim frå Holmejordet barnehage har stått last og brast gjennom sommaren. 


Og no, då hausten er komen, pyntar dei opp innandørs 🌻







tirsdag 4. august 2015

Innflyttingskaoset...

...skal etter planen bli orden, system og så godt som klart i løpet av ei veke, ei barnefri veke (Anna og Leander er i Danmark med tante Anita og mammo). Så her er det berre til å brette opp armane, for slik ser det ut no (man må jo vise den sida av historia også:)

Kontoret:



Entreen:


Soverommet vårt:


Kjellarstova: 


Badekaret fungerar som oppholdsstad for dyner og håndkle:


Pappøskjer er utmerka gardiner på det rommet me "må" ha gardiner, badet:


Og akkurat no, i skrivande stund er denne pappøskja heilt utmerka som nattbord og koppholder for kaffien min :)


Og ungane, ja dei har det kjempefint i DK



tirsdag 28. juli 2015

Utandørs, også eit prosjekt

Det seiast at man bør setje av ein slump med peng til utandørsarbeid etter at huset er kome på plass. Me gjorde det, men er det nok og er det eigentleg oppete av andre ting?

Svein Tore Lysgaard i Schjörn AS. er på befaring og dette er karar som veit korleis ei tomt oppfører seg, ovanfor og under jorda. Dei skal lage støttemur bak for oss, det har me allereie avtalt. "Men så hadde det vore knakande kjekt for både oss og naboar om me også fekk stelt i stand rundt heile tomta og ordna mur framfor og plen og litt her og litt der"... og eg blir brått engsteleg for at me seier ja til noko me aldeles ikkje har råd til no....

Men på den andre sida, skal me sjølv stå med spade og slite i dagevis då kanskje...?

Me blir einig til slutt, legg ein plan og karad'n til Schjörn er raskt på pletten. Dei omkalfatrar litt i skjemaet sitt og kan vere hjå oss på dagen. Så kva anna kan me sei enn KØYR PÅ, start gravemaskina!! 

Eg elskar gravemaskiner og eg elskar steinmuren som openbarar seg bak huset!


Litt her og litt der og vips, ein plan! Desse folka har planlagt uteområder før


Nordsida. Elektriker Frode er også raskt på plass då ein kabel og inntaksskapet til huset må flyttast.


Støttemuren bak huset, I love it!!


Og sørsida, som kunne vorte humpete og bratt enda opp slik, veldig fornøgd, her får me ein fin plen.