Me skal ikkje skjule at me kanskje ikkje likar klikkvinyl så godt, fordi det prøver å gi seg ut for å vere "ekte tre" utan å vere det. Slik er det jo med laminat også, som me heller ikkje er begeistra for. Men fordelane er så mange at me er positive lell. Samanlikna med laminat er det meir robust i møte med fukt og vatn, det er lunare og varmare å gå på, det har liten trinnlyd og det er slitesterkt. Perfekt i ein utleigeleiligheit og i kjellarstova vår.
Valga for øvrig i underetasjen er jo basert på økonomi og det praktiske, så det helg saman i alle fall.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar