fredag 10. juli 2015

Bad del 3


Godkjenning av våtrom er viktig, og det skal utførast av ein uavhengig person/firma som står oppført i søknaden. Dette er til vårt beste, alles beste. Men når kontrollen utførast med eit defekt vater kan konsekvensen bli at ein trur våtromma ikkje er innanfor forskriftene. 

Nesten krise her for to veker sidan då dette skjedde. Me fekk vite at gulva hadde perfekt fall mot sluk, men var for flate for øvrig. Me fekk inn vår konsulent og rådgjevar Torstein Homb i cowi, som argumenterte mot dette etter eigen kontroll. 

Enden på visa, bada er godkjente!! Heldigvis!!!!!

Eit godt råd: ikkje vent med kontroll av bad til etter du har flislagt gulva (dersom gulva ikkje er godkjent er det veldig kjedelig å måtte ta bort fliser og legge på nytt). Me slapp dette, men trudde ein periode at me stod ovanfor ein slik situasjon. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar