Ja kvar skal lampa eller lampene henge over spisebordet... Det er spørsmålet??? Når ein ikkje er heilt sikker på kva bord ein skal ha, kva retning bordet skal stå i og heller ikkje er sikker på kva type lampe ein skal henge opp????
Eit forsøk på å markere bordet med gul teip, og lage kryss for der lampene potensielt kan hengast opp. Jarra... Stakkars elektrikarar som skal forholde seg til alle desse "hvis om at, og kanskje og eg veit ikkje...."
Kryss for alternativ 1
Firkant for alternativ 2
Og jaggu trur du ikkje at eg har eit tredje alternativ også, dersom at... hmmm...?? Vrient! La oss håpe elektrikaren har svaret på denne vesle hodepinen 😃
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar