Me kom tilfeldigvis over det svenske firma som heiter superfront. Dei lagar frontar til IKEA-kjøkken, eller stammen frå IKEA som heiter metod. Ein "ikeapimp" med andre ord. Dei har nøye utvalgte fargar og fleire typar mønster ein kan velge mellom.
Det blir ikkje billig å bestille fullt kjøkken med superfront, det skal seiast. Men me hadde i utgangspunktet lyst på litt farge her og der, gjerne grønn, og slik ser det ut på skissa. I morgo bestiller me dette :) Kjøkkenet kjem frå ikea 10.juli. Der det ikkje er grønn superfront, skal me ha typen vedinge kvit.
Fargen me skal ha heier Aerugo green med mønsteret "blocks", som under:
Eksempler på andre fargar og mønster ein kan få:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar