Me skulle ALDRI ha gipsvegger. Det var upraktisk, vanskeleg å henge opp ting, ein vrien jobb å få slett og irriterande. Men då me la gips fram på bordet, i konkurranse med spon, walls to paint, walls 4 you og panel, enda me opp med gips gitt. For å gjere ei lang historie kort, snekkerne overbeviste oss om at sluttresultatet kom til å bli penast, med spon under først vil det bli sterkt og oppheng av bilder og andre ting vil ikkje bli eit problem. Så no er me her, veke 24, platene kjem opp og malaren står straks klar til å gjere finishen. For sparkling og maling, det skal me IKKJE prøve oss på sjølv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar