onsdag 10. juni 2015

Gesimsbeslag

No er beslaget på taket (eller gesimsen) kome på plass, i samme farge, eller utførelse, som takrenner og vannbord. Såkalla galvanisert. 
I beslutningsaugneblinken rundt kva farge på takrenner og vannbord me skulle velgje, gjekk det litt fort for den som likar så alt for godt å "gnure" på valga og vurdere ulike alternativ oppi hovudet. Men me kan leve med og til og med like dette. 

Svart ville vorte for hardt. Grått, som vinduslistene, kunne egna seg best, kanskje. Men dei grensar mot svart, så den fargen ville nok også ha opplevdes hard. Det finnast "matte" takrenner og beslag, har underteikna sett i ettertid...det er jo veldig pent... Men tja... Me tykkjer dette vart fint, eller som snikkarTorfinn sa: "ja dette var ordentleg fint du". Så då seier me oss einig med han. 









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar