søndag 30. november 2014
Valg av ytterkledning
At dette skulle vere så vanskeleg då gitt!! Me skal ha kledning av type royal, det veit me. Det har veksla mellom fargen NATUR og BRUN, men den siste tida har me vore bombesikre på NATUR. Denne oppfører deg som kjerneved og grånar med åra. Det er vakkert med kjerneved, MEN er det like vakkert med impregnert kledning, kokt kledning, som royal faktisk er, er tidens tann like snill med vegger og blir det like vakkert med åra...? Tenk om ikkje, tenk om den naturlige fargen ser forferdeleg ut saman med dei oransje cembritplatene? Vanskeleg gitt! Trur jammen me avsluttar søndagen med brunfarge øverst på lista gitt. Var visst ikkje så tøffe lell. Laga eit foruminlegg på byggebolig.no, så får me sjå kva folk med erfaring seier om brunfargen. Det kan virke som brunt ikkje alltid er likt heller. Her er eit par bilder eg sneik meg til å ta i helga. Dei viser fargene natur og brun royalimpregnert. Håpar huseigarane ikkje arresterer meg for å vise dette :). Begge deler er fint. Så...
Tomta er flat, røyr kjem opp av jorda, snart neste steg
"Fikk go'følelsen i dag" sa mannen i byggjeprosjektet på fredag. Etter eit besøk på tomta der det tydeleg skjer byggjeverksemd, kom denne begeistra uttalinga på sms. Det er flatt og klar der huset skal stå, ein haug med småstein ligg klar til å tas utover på mandag, røyrleggjar har vore der og gjort mykje av det utvendige arbeidet, og muren står klar til "leik" (Jackonmur som visstnok går under definisjonen "lego for voksne":).
lørdag 22. november 2014
Alle desse valga ein må ta
Me har tenkt og planlagd dette huset i lang lang tid og har tillete oss sjølv å gå fram og attende på diverse valg. Mykje er på plass, men denne helga sit me med romliste og skal gi frå oss vår siste avgjedsle på:
-Vinyl eller flis på baderomsgulv?
-Heiltre gulv eller parkett i hovedetasjen?
-Samme type gulv i heile etasjen, eller kan ein bryte opp?
-Kva er robust, bra, PENT og ikkje for dyrt på veggene i underetasjen (og utleiegdelen)?
-Kva materiale og utsjånad skal trappa ha, samme materiale som gulvet oppe kanskje?
-Kva type innerdørar skal me ha?
-Korleis skal ytterdør og garasjeporten sjå ut?
-Kva gulvlister likar me og kva passar huset vårt?
-Skal me ha taklister eller ikkje?
Og fleire valg vil kome. Målet er at søndag kveld veit me svaret på alt og byggefirmaet kan rekne pris for siste gang. God helg då 😃
torsdag 20. november 2014
Graving på ordentleg!!
Store maskiner dundrer inn på tomta vår (og litt over på naboen si tomt), desse proffe folka me skreiv om tidligare som effektivt og bra sørgar for at jobben vert gjort med stødig hand. Magisk tykkjer me, og utruleg spanande!! NO er utgravning av tomt på gang på ordentleg :)
tirsdag 18. november 2014
Siste hånd på teikningane
Desse vala gjenstår: Vinyl eller flis på baderomsgulv, pipe med mur eller synlig røyr, gips eller sponvegger (jo, me skal faktisk ha gips i tak og vegger, med spon under, det veit me allereie), rekkverk med spiler eller glass på veranda, sentralstøvsuger eller ikkje, skjult ventilator på kjøkken eller røyr frå taket,
utvendig trapp med grus eller stein/betong, cembritplater eller malte panelparti... ja det var vel det som gjenstår. Inntil det dukkar opp eit spørsmål me ikkje ha tenkt på :)
utvendig trapp med grus eller stein/betong, cembritplater eller malte panelparti... ja det var vel det som gjenstår. Inntil det dukkar opp eit spørsmål me ikkje ha tenkt på :)
søndag 16. november 2014
Første gravetak er gjort - flytting av ledning
Då er me offisielt i gang, gravar har teke første spadetak. Riktignok ikkje utgravning av sjølve tomta, men flytting av naboen sin elektrisitet som går rett over tomta vår. Men graving er graving og ingen er i tvil om at det skjer ting i alle fall! Hurra!
Konsulent inn i prosjektet
Me har lært mykje på vegen og vil sikkert halde fram med å auke læringskurva. Men det kjem til å rulle fort frå her og då ser me at ein teknisk fagperson som kan rettleie oss på vegen vil vere godt å ha. Ein me alle kan bruke, og som for eksempel kan starte med å setje opp framdriftsplan og lage kontraktar. Ja, takk, la oss kjøpe inn den tenesta. Så kan me stå i våre arbeid og kombinere husbyggjing med familie- og arbeidsliv. Torstein Homb i Cowi, velkomen med på laget!
JA, me har fått positivt svar frå kommunen, det er GRØNT LYS!!
Plutseleg fekk me svar, riktignok etter ein oppklaring mellom arkitekt og kommunen. Dispensasjonen var ikkje dispensasjon (lang historie, den tek me ikkje her), så me fekk positivt svar då me eigentleg trudde me måtte smørje oss ordentleg med tolmod!
YES YES YES!! Glade no! Då er me klar for dei aller siste justeringane og arkitekt kan lage byggjeteikningar! Takk Streken, for jobben, så langt! (30.okt-2014)
YES YES YES!! Glade no! Då er me klar for dei aller siste justeringane og arkitekt kan lage byggjeteikningar! Takk Streken, for jobben, så langt! (30.okt-2014)
Ventetid...
... og det går litt meir enn tre veker. Tappe, tappe, tappe med fingrane...
Me tek eit par telefonar, mailar, får svar om å vente, vere tolmodige...ikkje enkelt, gradestokken snik seg nedover, det er snart vinter... Har me havna i feil bunke mon tru? (midten av oktober)
Me tek eit par telefonar, mailar, får svar om å vente, vere tolmodige...ikkje enkelt, gradestokken snik seg nedover, det er snart vinter... Har me havna i feil bunke mon tru? (midten av oktober)
DÅ sender me inn byggjesøknaden!
Spanande dag, signatur og innsending av søknad. Ingen av naboane har innsigelsar på prosjektet :o). Då er det ikkje anna me kan gjere enn å ta haustferie og håpe ventetida ikkje vert for lang.
Me har dispensasjon på søknaden grunna auka høgd. Men denne skal kun ivareta isolasjonskrav etter dagens tekniske standard og er ein dispensasjon som kommunen vanlegvis ikkje brukar ekstra tid på å behandle, dermed ser me føre oss at dette går på tre veker (ish) (12.sept -14)

Søknaden ser slik ut:
Ansvarlig søkjar: Streken arkitekt AS.
Ansvarlig utførende: HM-bygg
Ansvarlig plassering av tiltak: Bangs oppmåling
Ansvarlig rør: Rud Rørlegger AS.
Ansvarlig ventilasjon: GK Norge AS.
Ansvarlig kontroll: IrPa AS.
Elektriker er HB-elektro.
Dette er eit bra lag, magekjensla er veldig god!
Oppmåling av tomt - dei proffe folka rykkjer inn
Det er moro å sjå eit kobbel av proffe folk rykkje inn på tomta, raskt og effektivt, på sitt språk, definere det eine og det andre i forhold til plassering og høgder, for så å trekkje seg attende :o). La dei drive på, og skape magi. Ein vakker dag står det til slutt eit hus der, tjo ho! (starten av september -14)
Jenny (arkitekt), Lars og Erik (HM-bygg, snekkere) og Torleif Bang (oppmåling).
Svein Tore Lysgård (Schjørn, graver) og Torleif Bang har møttes i jobbsamanheng før, det er det ingen tvil om. Effektivt samarbeid på gang her altså.
Då har Bangs oppmåling satt alle fire hjørna på huset, no kan arkitekten (og ansvarleg søkjar) sende inn søknaden!
Vekk med dei siste trær og busker
Når det skal jobbast på og med tomta er gode folk gull verdt. Her er pappa/svigerfar/best`n og Trond Morten på plass for å sage vekk dei siste kvistane og småtrea som står att før graving seinare i haust. (sept -14)
Med skisser frå arkitekt hentar me inn prisar...
...men det virkar dyrt dette prosjektet. Skal me verkeleg dit igjen? Off... Dette kan bli tungt. Men ein kan ikkje henge med hovudet, me køyrer på. Trond Morten sender ut anbud på alle tenester hjå omtrent 30 ulike firmaer. Det er litt av eit puslespel som skal setjast saman dette.
Totalentrepenør:
Dei som reknar pris er: Fiskerhedenvillan og Hellvikhus. Felles for begge desse er at prisen som kjem på bordet er dyrare enn først antyda, og i neste trekk legg dei fram katalogen sin på eigne ferdighus dei kan tilby. Med all respekt å melde, me har ikkje gått til arkitekt og spesialteikna hus til tomta vår, for så å gå attende til katalogjungelen. Nei takk!
Norbolig rekna også på skissene våre, me fekk ikkje komplett pris, men det var for så vidt interessant det me fekk.
Utlandet:
I Estland er det firmaer som kan rekne på pris, sende materialer og/eller ferdighus til Norge, der norske firmaer ventar med hammar og spiker. Fordelen med denne løysinga er at snekkerfirmaet me kunne bruke er vår svoger Endre Bjelle-Helleland som eig. Men prisen er ikkje god nok til at me ynskjer å risikere språkvanskar og utfordringar på vegen.
Lokale byggjefirmaer:
SÅ kom desse to på bana. HM Byggservice og 3Bygg. Dei er begge uavhengige byggefirma, lokale, hyggjelege og greie folk. Først no byrjar me å nærme oss noko spanade.
Ikkje feil at HM Byggservice var eit namn me hadde høyrt om, med positivt forteikn, frå tre uavhengige partar (venner og bransjefolk). At dei også leverer grunnmur til ein overkomeleg pris (Jackon grunnmur) gjer at me ynskjer å samarbeide med desse gutta. Magjekjensla er god og den skal ein ikkje kimse av. Den er vorte ein av våre beste indikator.
Difor vil me ynskje Lars og Erik med på laget. Me ser fram til å jobbe med dykk!

Skisser av huset
Med arkitekt på laget vert våre skisser "forfina" og heva til det nivået me ynskjer å vere. NO er me fornøgde, glade og klar for neste trinn.
Framside og bakside av huset. Det er fleire hus med pulltak i nabolaget og me går for det. Arkitekten har føreslege parti med plater, oransje, kvifor ikkje? :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)