søndag 16. november 2014

DÅ sender me inn byggjesøknaden!

Spanande dag, signatur og innsending av søknad. Ingen av naboane har innsigelsar på prosjektet :o). Då er det ikkje anna me kan gjere enn å ta haustferie og håpe ventetida ikkje vert for lang.

Me har dispensasjon på søknaden grunna auka høgd. Men denne skal kun ivareta isolasjonskrav etter dagens tekniske standard og er ein dispensasjon som kommunen vanlegvis ikkje brukar ekstra tid på å behandle, dermed ser me føre oss at dette går på tre veker (ish) (12.sept -14)


 
Søknaden ser slik ut:
 
Ansvarlig søkjar: Streken arkitekt AS.
Ansvarlig utførende: HM-bygg
Ansvarlig plassering av tiltak: Bangs oppmåling
Ansvarlig rør: Rud Rørlegger AS.
Ansvarlig ventilasjon: GK Norge AS.
Ansvarlig kontroll: IrPa AS.
 
Elektriker er HB-elektro.
 
Dette er eit bra lag, magekjensla er veldig god!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar