søndag 16. november 2014

Med skisser frå arkitekt hentar me inn prisar...

...men det virkar dyrt dette prosjektet. Skal me verkeleg dit igjen? Off... Dette kan bli tungt. Men ein kan ikkje henge med hovudet, me køyrer på. Trond Morten sender ut anbud på alle tenester hjå omtrent 30 ulike firmaer. Det er litt av eit puslespel som skal setjast saman dette.

Totalentrepenør:
Dei som reknar pris er: Fiskerhedenvillan og Hellvikhus. Felles for begge desse er at prisen som kjem på bordet er dyrare enn først antyda, og i neste trekk legg dei fram katalogen sin på eigne ferdighus dei kan tilby. Med all respekt å melde, me har ikkje gått til arkitekt og spesialteikna hus til tomta vår, for så å gå attende til katalogjungelen. Nei takk!

Norbolig rekna også på skissene våre, me fekk ikkje komplett pris, men det var for så vidt interessant det me fekk.

Utlandet:
I Estland er det firmaer som kan rekne på pris, sende materialer og/eller ferdighus til Norge, der norske firmaer ventar med hammar og spiker. Fordelen med denne løysinga er at snekkerfirmaet me kunne bruke er vår svoger Endre Bjelle-Helleland som eig. Men prisen er ikkje god nok til at me ynskjer å risikere språkvanskar og utfordringar på vegen.

Lokale byggjefirmaer:
SÅ kom desse to på bana. HM Byggservice og 3Bygg. Dei er begge uavhengige byggefirma, lokale, hyggjelege og greie folk. Først no byrjar me å nærme oss noko spanade.

Ikkje feil at HM Byggservice var eit namn me hadde høyrt om, med positivt forteikn, frå tre uavhengige partar (venner og bransjefolk). At dei også leverer grunnmur til ein overkomeleg pris (Jackon grunnmur) gjer at me ynskjer å samarbeide med desse gutta. Magjekjensla er god og den skal ein ikkje kimse av. Den er vorte ein av våre beste indikator.

Difor vil me ynskje Lars og Erik med på laget. Me ser fram til å jobbe med dykk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar