tirsdag 28. juli 2015

Utandørs, også eit prosjekt

Det seiast at man bør setje av ein slump med peng til utandørsarbeid etter at huset er kome på plass. Me gjorde det, men er det nok og er det eigentleg oppete av andre ting?

Svein Tore Lysgaard i Schjörn AS. er på befaring og dette er karar som veit korleis ei tomt oppfører seg, ovanfor og under jorda. Dei skal lage støttemur bak for oss, det har me allereie avtalt. "Men så hadde det vore knakande kjekt for både oss og naboar om me også fekk stelt i stand rundt heile tomta og ordna mur framfor og plen og litt her og litt der"... og eg blir brått engsteleg for at me seier ja til noko me aldeles ikkje har råd til no....

Men på den andre sida, skal me sjølv stå med spade og slite i dagevis då kanskje...?

Me blir einig til slutt, legg ein plan og karad'n til Schjörn er raskt på pletten. Dei omkalfatrar litt i skjemaet sitt og kan vere hjå oss på dagen. Så kva anna kan me sei enn KØYR PÅ, start gravemaskina!! 

Eg elskar gravemaskiner og eg elskar steinmuren som openbarar seg bak huset!


Litt her og litt der og vips, ein plan! Desse folka har planlagt uteområder før


Nordsida. Elektriker Frode er også raskt på plass då ein kabel og inntaksskapet til huset må flyttast.


Støttemuren bak huset, I love it!!


Og sørsida, som kunne vorte humpete og bratt enda opp slik, veldig fornøgd, her får me ein fin plen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar