søndag 27. september 2015

Kvardagskarusellen

Vel i hus, med pappøskjer og stæsj, gjekk piffen litt ut. Eller rettare sagt, kvardagen kom.  Den har jo fullt opp allereie, utan haugevis med pappøskjer, krokoppheng, hylleskruing, sortering, lage-system og finne fram. I kvardagen skal me komme oss ut, i ein fei, med dei riktige klærne på og med alt som står på vekplanen at me skal ha i sekken, skal vere I SEKKEN! Me skal hugse på å melde frå til skulen i tilfelle "gå-sjølv heim" eller bli med den heim og me skal gjere lekser og engasjere oss i våre eigne og andre sine barn og familier og jobb... Me må vere like flinke i jobben og herrejesusogfader så fort det går... Me heng oss på kvardagskarusellen og let hus vere hus ei stund...puh :). 

På veg til første dag på SFO. Anna i første klasse og Leander i tredje. Kort veg til skulen:)


Solsikkene som Anna fekk med seg heim frå Holmejordet barnehage har stått last og brast gjennom sommaren. 


Og no, då hausten er komen, pyntar dei opp innandørs 🌻







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar