Bring bær 7 kolli inn, to staute karar som veit kva dei gjer. Men dei tykte det var dumt av oss å ikkje dele to kjøkken i to bestillinger... Då hadde me sluppe å sortere to kjøkken frå kvarandre. Hadde ein berre visst det så...??!! Vel vel...
No er kjøkkenet i hus, då skal det skrus... Let's go for it!!
Trond Morten er ordensmann og klarar å skilje utleigekjøkenet frå vårt eige kjøken.
Etter ein dag er kjøkenet i underetasjen på god veg til å bli ferdig. Nokre utfordringar med utgang til ventilator gjer at me må droppe dør i overskap så me klarar å bruke skapet. Takk Erik Haugen for god idé når det såg ut til å bli ekstraarbeid på oss, slikt har me ikkje tid til i desse dagar!
Kjøken i førsteetasjen står (snart) ferdig montert på terrassen i påvente av malerarbeid og gulvlegging. Her jobbast det parallelt for å sei det slik.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar