onsdag 15. juli 2015

Finér, fint eller ei?


Ja det såg jo knakande pent ut på bilder, men at finéren skulle vere litt vanskeleg å jobbe med, har gjort det litt vrient. Altså, finéren i himlingen på allrommet vårt, penrommet, oppholdsrommet, det rommet me skal samlast i... 

Men til slutt vart me fornøgde og glade for valget!!! 

1. Me blir inspirert av bilder som dette:

Og dette:

Og får veldig lyst til å ha finér i himlingen og på diverse vegger. Det var vel eigentleg arkitekten som lanserte det og tente ein latent tanke.

2. Me besluttar at me går for det og får snekkerne med på ideen.

3. Kor store skal platene vere, kva type tresort, skal me ha fals eller til og med avstand mellom platene og kva skal me feste platene med? Slike ting lurer me på. Tre beveger seg og kva gjer det med skjøtene? Skal dei behandlast med noko? Snekkarane veit fleire råd og andre ting finne me ut ved å leite litt på instagram, byggebolig mm. 

4. Me besluttar at me kan henge opp platene med skruer.

5. Me bestemmer oss for å bestille dei frå finérfabrikken i Oslo. Dei anbefaler Bjlrk framfor poppel som byggevaren her i byen kan stille med. Poppel er for mjukt til å feste i tak.

6. Me bestemmer oss for å henge platene opp og behandle dei etterpå. Me skal behandle dei med OSMO hardvoksolje (dekkolje) med litt kvitfarge. Denne fargen skal etter planen dekkje skruene og litt av skjøtene. 

7. Platene kjem og me er begeistra, det er så FINT! 


8. Første plate er hengt opp, på vegg i entréen, yes dette er me glade for!


9. Plater på plass i himlingen og i "hokken" vår! Her ubehandla. Ein kan sjå merker etter at platene er vorte slipte på sidene. 


10. Me oppdagar etterkvart at skruehulla er ganske synleg, korleis sikre at desse forsvinn?


11. Forslag frå fleire hold: bruk formtre! 

Men eg finn ikkje formtre med riktig farge, og då må alle skruene skrus lengre inn for å lage hull til formtreet. Dette er ein stor jobb, me har tidspress då malaren skal inn og fuge kanten mellom himling og vegg... Vi beslutter å demoe skruene med noko anna.. Men med kva??

12. Løysningen på skruene blir sjølvblanda maling av hudfarge, kvitt og gult... Det blir til slitt bjørkefinér...nesten, godt nok!




Resultatet: 

Høgre sida er behandla med maling, venstre sida har synlige skruehull. 
Dette funkar! 


På nært hold kan ein sjå malinga, men la oss håpe ingen finstuderer himlingen vår


13. Til slutt legg vi på Osmo dekkolje. Anbefaler å bruke klut i staden for kun pensel! Det gjorde jobben myyyyyyyykje lettare!!! Teamwork er også fint for motivasjonen. 


På dei høgste partia må den lengste (og sterkaste) kroppen gjere jobben.




Sluttresultatet - GODKJENT! Puh...

Vi ville gjort det igjen. Kanskje med ein fals i skjøtene, kanskje med treskruer...? Uansett, fornøgde! 
- check 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar