tirsdag 30. juni 2015

Eksteriørt i slutten av juni

Før me set i gang med utvendig arbeid som trapper, murarbeid og rekkverk, ser det slik ut ein dag på tampen av juni









Bad del 2

Rørlegger Calle Rud er kjent for å vere dyktig og effektiv. Det beviser han i desse dagar ved å piske byggherre og andre rundt til å gjere klar for montering og ferdigstilling av rørarbeidet. Ferien nærmar seg, så det er klart at tiden er verdifull. 

Difor monterast alt som kan monterast av baderomsinnredning, kabinett, vegger og gulv i våtromma.

Trond Morten er her i sving med å fikse dusjkabinett - rett og slett




I tillegg har kompis og kongen him self, Per Def, bidrege med verdifull kunnskap om amatørmontering, skulle nesten tru han hadde drive i bransjen gitt!


Vaskerom


Toalett


Bad i utleigedel


Og her, på vårt bad i 1.etg, har malaren stått på i dag for å gjere klar til montering av møblar og rørlegger



Lydhimling mellom etasjane

Det er ikkje akkurat lite isolasjon mellom etasjane, 40 cm for å vere eksakt. I tillegg brukar me lydbøyler og to lag med plater. Dette skal sikre at lyd ikkje skal trenge gjennom etasjane. 


Snekker Lars fiksar himlingen i begge etasjane, her frå u-etg med gipsplater. Me skal ha takessplater utanpå gipsen. Dette for å spare malerarbeid og derigjennom peng... Me trur i alle fall akkurat no at dette er fornuftig.





Husbyggerferie!! (altså, bygge hus i ferien ferie)

DÅ er underteikna klar for å vie all tid til hus og heim i nokre veker! Om me skal kome i hus til planlagt tid, altså slutten av juli/starten av august, må alle krefter til! Eg er klar! 

Så gjenstår det å sjå kva eg faktisk kan bidra med. Han karen ved mi side derimot har jo allereie gjort ein del, tommel opp!

Første kveld, middag på verandaen. 


Litt luftig veranda førebels, kan man vel sei


Desserten må me vente med til frysen er på plass, sjølv om den kom køyrande forbi akkurat til riktig tid, hehe.

torsdag 25. juni 2015

Bad del 1

Første synlege steg på vegen mot eit ferdig baderom er flising. Alle bad har fliser på gulv. "Finbadet" oppe har flis på på vegg i dusjsone og gips på resten. Bad i utleiedel og vaskerom har baderomsplater på vegg.


 Badet vårt oppe i hovedetasjen

Badet i utleigedel med baderomsplater



søndag 21. juni 2015

Flisespikkeri?

Nei tvert imot, når BjeldaTorfinn set i gang! Det er helg og me sjølve har fordufta til Oslo for å vere barnevakt for Tindra. Jaggu har ikkje denne karen sitte på kne inne i finværet heile helga... No blir det flisefint!! 

Så lenge Sogndal knuste Brann i Bergen er alt greit, stao no pao!!




Og her var me, i Oslo med denne frøkna





Gummigulv på kjøkkenet

Det skal vere slitesterkt, nummer ein, men også godt å gå på, helst litt kult og enkelt å vaske. Me er usikre på siste punkt, men dei som har det anbefaler det. Me går altså for gummi, ingen over, så då blir det slik! Valget fallt på det mellomste fargen på dette bildet, fordi mørke gulv er upraktisk, og lyse også. Gulvet som prøvane ligg oppå, er gulvet i resten av rommet (furu arctic frå moelven) meir om det seinare.


torsdag 18. juni 2015

Malerarbeid...

...i eit forrykende tempo! Det tok maleren Thomas nøyaktig tre minutt frå ankomst byggeplass til han var kome i gang oppi stigen sin, som han forøvrig brukar som ei forlengning av beina sine... Elegant går han bortover på denne stigen og sørgar for sparkel i alle skjøter og hull! Helt topp, som i helt topp malerservice fra Nordseter 👍 






Klessjakta er på plass!

Me har vaskerom i u-etg og hovedetasjen i 1.etg med alle våre soverom. Her bli det trafikk, av klær! Innstallasjonen som skal forene etasjane, då spesielt med tanke på transport av klær er denne, sjakta. Den vart teikna inn, men hadde ingen tekniske spesifikasjonar. Ventilasjonsfirmaet og snekkarane i HM-byggservice har klekt ut denne saken. Og den fungerar!! 






mandag 15. juni 2015

Finéren er her!!!!

Begeistra byggherrer registrar at finér var eit godt valg. YES YES YES!!!! "Sa eg det høgt"? Ups... 



I dag har finéren teke plass på den eine tildelte plassen i entreen og er på veg rundt veggene i "hokken" vår (eller kosekroken om du vil:). Veldig spent på fortetjinga. Me tenkte me skulle velge finér av typen poppel, men landa på bjørk etter råd fra Oslo finérfabrikk. 




Falleri fall i dusj, tra la la

Nydelige betonggulv i kjeller gir oss litt lyst til å droppe gulv. Det er jo varme under, så det kunne vorte flott. Men tja, la oss gå for plan A. Kjeller skal ha følgjande gulv: flis, vinyllaminat og parkett. 

Her litt søndagsarbeid på ein kar som må sikre fall i dusj før snekkerTorfinn tek over med membran og flis på mandag.


onsdag 10. juni 2015

Kva type rekkverk på veranda?

Glass, spiler, tett, samme som kledningen vår, liggjande eller ståande, ein kombi? Grått, natur, oransje? Mange mogleikar og det gjer ikkje saken enklare. 

Me veit at me vil ha glass. Men ikkje over det heile grunna soveromsvinduet som går heilt ned til golvet. Då ser alle forbipasserande rett inn gitt.


Etter ein køyretur i Lillehammerbyen, der mange av dei nyaste boligkompleksa vart avfotografert, har me litt å gå ut i frå. Sagbakken, ein lokal glassmester, og tilfeldigvis nabo, kan levere glass. Spanande å sjå kva me vert einig om :)

Her er byens rekkverk i glass og det første eksempelet er underteikna sin favoritt:










Gesimsbeslag

No er beslaget på taket (eller gesimsen) kome på plass, i samme farge, eller utførelse, som takrenner og vannbord. Såkalla galvanisert. 
I beslutningsaugneblinken rundt kva farge på takrenner og vannbord me skulle velgje, gjekk det litt fort for den som likar så alt for godt å "gnure" på valga og vurdere ulike alternativ oppi hovudet. Men me kan leve med og til og med like dette. 

Svart ville vorte for hardt. Grått, som vinduslistene, kunne egna seg best, kanskje. Men dei grensar mot svart, så den fargen ville nok også ha opplevdes hard. Det finnast "matte" takrenner og beslag, har underteikna sett i ettertid...det er jo veldig pent... Men tja... Me tykkjer dette vart fint, eller som snikkarTorfinn sa: "ja dette var ordentleg fint du". Så då seier me oss einig med han.