torsdag 28. mai 2015

Superfront og IKEA-kjøkken

Me kom tilfeldigvis over det svenske firma som heiter superfront. Dei lagar frontar til IKEA-kjøkken, eller stammen frå IKEA som heiter metod. Ein "ikeapimp" med andre ord. Dei har nøye utvalgte fargar og fleire typar mønster ein kan velge mellom. 

Det blir ikkje billig å bestille fullt kjøkken med superfront, det skal seiast. Men me hadde i utgangspunktet lyst på litt farge her og der, gjerne grønn, og slik ser det ut på skissa. I morgo bestiller me dette :) Kjøkkenet kjem frå ikea 10.juli. Der det ikkje er grønn superfront, skal me ha typen vedinge kvit.




Fargen me skal ha heier Aerugo green med mønsteret "blocks", som under:


Eksempler på andre fargar og mønster ein kan få:






Det reiser seg eit hus (feb)

Desse bilda og innlegget er frå februar:

Drager, stendere eller kva det no heiter og ikkje minst tak! Huset kjem til syne og hjelpes så spanande det er :)





onsdag 27. mai 2015

Vegger i spon, før gips

Dei stig fram, veggene, som skapar rom, gir liv og fantasiar om korleis dette skal sjå ut til slutt. Snekker Lars og Erik anbefalte sponplater under gipsen, for å gjere veggane endå sterkare. Det tykte me høyrdes smart ut. 









søndag 24. mai 2015

Isolering i lange baner

Det er ikkje måte på kor tjukt og fullt av isolasjon det er i nye hus. På dette området kan me bidra sjølv, så dagen i dag har gått med til isolering av himlingen, kremt... for Trond Morten i alle fall.







Kakebesøk og slikt

Ja eg skriv kakebesøk, for våre pølser frå eingongsgrill var ikkje mykje å skryte av. Då var det kjekt at gjestene kom med kake. 

Inger Lise stiller ikkje tomhendt og kaka vart teke godt imot :)

Kristian Magnus og Asbjørn



Eingangsgrilling under tak fordi det starta akkurat å regne då me skulle i gang med maten. Funkar det. 


Me fant massevis av kvitveis borti skogen ved huset ("hundremeterskogen").





To små som nyt utsikten :)




lørdag 23. mai 2015

Flis og gulv

Der er på tide å gjere valg og handle gulv. Anna og Leander må også vere med på det og dei bidreg på sitt vis :)



Her er flisane me skal ha i entreen vår


Ellers går det i grått både på badet og vaskerommet. Fleire bilder kjem seinare. God pinse :)

torsdag 21. mai 2015

Lamper ment for oss

Rett borti høgget her, to søstre som driv med keramikk. Akkurat i vår skulle dei lansere pendellamper... Mon tru om ikkje tre slike hamnar over kjøkkenet vårt altså :)

Det var nok meiningen at me skulle dumpe borti MENT akkurat i dag!




Koordineringskunst

Det er ikkje få mennesker innom eit byggeprosjekt. Gravar, elektrikere, røyrleggjarar, ventilasjon, far/svigerfar, osv osv. Me føler oss VELDIG heldige som kun har to snekkere å forholde oss til og som attpåtil har den fulle og heile oversikten over når kven skal inn til kva tid. 

Lars Myrsveen som her planlegg fliser av gulv saman med "snikkar Bjelle"

Erik Haugen er i gang med plating av vegg mot yttervegge, no då elektrikaren har gjort seg ferdig med første runde.


I tillegg er det nysgjerrige naboar og forbipasserande, eller plutseleg byggherren som dukkar opp for ein prat... Det kjennes bra ut så langt, koordineringen går smooth :) og sluttdatoen føles ikkje så langt unna... den nærmar seg dag for dag faktisk!!

Venner og...
...elektrikere
Ventilasjon
Graver 
Far/svigerfar og byggherren sjølv 

Fullt framfor huset med diverse bilar






fredag 8. mai 2015

Forsterkningar på plass

Snekkar Torfinn har for anledningen flytta inn i rekkehuset og deltek i kvardagssyslane våre. Viktigst er innsatsen i Teigvegen, men ikkje uvensentleg er rollen heime som nistepakkegeneral og frukostsjef!




Oppgåva til snikkarTorfinn er plating og paneling i u-etg.


Rekkehuset skal gjerast klar for salg