Litt "styrete" er det jo når ein skal byggje hus, med all denne snøen... Jobbe, rydde snø, jobbe litt til og rydde snø igjen... Men straks kjem karad'n (Schjørn) med maskinene og tek det bort, før dei skal fylle på grus inntil jackonmuren.
Muren er no fylt opp med betong og fortsettelsen er slik at
frontveggen skal på plass i u-etg, deretter etasjeskiljet og gulvet i 1.etg. Så skal plata støypast og innervegger i u-etg byggjast. Smart med den rekkefølga ved vinterbyggjing.
Men då det plutseleg vart ein brå slutt på snøingen og Lillehammer sitt vakre lys åpenbarte seg rett bak skyene, er metaforen klar for min del, det ser lyst ut for fortsettelsen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar