Det er ein jungel der ute av ulik belysning og lamper. Skal me ha innfeldt lys eller ikkje? Uansett, me skal ha litt lamper og her er nokre fine, av mange.
Draumen er den danske kongle, men altså... 50.000, det spørs.
Når me strålande glade har bestemt oss for grå kledning, kjem eg (same dag faktisk!!!) over denne artikkelen. Ikkje nok med at den omtalar grå kledning som kjedeleg, men jaggu kom Lillehammer opp som eksempel på at nettopp grått er mykje brukt her. Kor ironisk er ikkje det???! Som om det ikkje var vrient nok frå før å bestemme seg, he he. Me får velge å le av det... Grått blir det, grått ER flott! (Tekst henta frå magasinet Bo Bygg og Bolig jan-15)
Ved å vandre på instagram dumpa eg plutseleg borti eit bilde og informasjon som fortel at møre royal sin gråfarga (R25) kledning er på veg inn på markedet igjen! What?? Den har vore borte fordi det var problem med grønnstikk i fargen. Men det ser altså ut som at den er tilbake!! Eit besøk på byggmakker og joda, den kan bestillast og har to veker leveringstid!! Yes!!!!! Dette er PERFEKT!!!!! Og informasjonen kom dalande inn akkurat i grevens tid!!
Di meir eg ser av dette enkle materialet, brukt innvendig i hus, di meir begeistra vert eg. Håpar eg klarar å gjennomføre planen med å la det dukke opp ei flate med finér her og der.
Her ei nettside til inspirasjon, som dukka opp på min veg. Finér vert visst også kalla playwood, eller plywood.
I alle fall det ein vanlegvis forbinder med snekkerarbeid, der me ser tømmer og treverk i aksjon! No har våre to snekkere, Lars og Erik, også bygd grunnmuren og me veit at dei har mange kvalitetar me kan glede oss til. Her smiler dei i takt med snøen som lavar ned, og godt er det, for det skal visst snøe heile veka!
Litt "styrete" er det jo når ein skal byggje hus, med all denne snøen... Jobbe, rydde snø, jobbe litt til og rydde snø igjen... Men straks kjem karad'n (Schjørn) med maskinene og tek det bort, før dei skal fylle på grus inntil jackonmuren.
Muren er no fylt opp med betong og fortsettelsen er slik at frontveggen skal på plass i u-etg, deretter etasjeskiljet og gulvet i 1.etg. Så skal plata støypast og innervegger i u-etg byggjast. Smart med den rekkefølga ved vinterbyggjing.
Men då det plutseleg vart ein brå slutt på snøingen og Lillehammer sitt vakre lys åpenbarte seg rett bak skyene, er metaforen klar for min del, det ser lyst ut for fortsettelsen :)