onsdag 25. februar 2015

Allrommet

Det vart tidlig i prosjektet bestemt at me skal ha allrom, altså eit stort kjøkken. Stove er ikkje så viktig, men dette rommet med stort spisebord og utsikt, det skal bli kjernen i huset. Det har me ikkje vore i tvil om. 

Her er ein legovariant av allrommet, på det tidspunktet det nærma seg siste versjon på blokka :)


fredag 20. februar 2015

Taket er tett!!!

Taket er tett (for ca ei veke sidan) og det er isolasjon på gang i veggene. I dag gjer me stas på snekkerne med "kranselunsj "i den deilige solveggen!













GK ventilasjon er innom for å planleggje bestilling av anlegg og planleggje arbeidet saman med HM-bygg.


Klara kom gåande forbi og får omvisning, ho "godkjenner" prosjektet :)






lørdag 7. februar 2015

Helg og tomtebesøk

Det er veldig synleg framdrift denne veka. Endre (svoger og snekker) og Linn ser på arbeidet, dei likar det dei ser. Tone og Frode kom plutseleg køyrande forbi og ungane leikar i snøen. Det snøar og er solskinn om kvarandre i dag. Stormen "Ole" prøver å ruske litt i oss.

Anna, Tindra og Leander

Den personen som ligg i snøen, ja det er tante Linn ja :)

Frode og Tone, thumbs up 👍👍









søndag 1. februar 2015

Søndagsinspeksjon og leik på tomta

Det er helg og me har tid og ikkje minst veldig lyst til å sjekke framdriften på tomta. Der går det unna, no med gulv mellom etasjane og straks veranda. 






"Den som ikke har gjemt seg nå, den må stå!" Storebror Leander tel, medan Anna og veninna Selma finn gøymeplass. Ikkje siste gang leik skal utspele seg rundt desse veggane - moro!